Anne Kari Salbu, Agnar Lyng, Gunnar Bøyum, Terje Bjerkan og Rune Henjesand fortel om forretningsutvikling, gründerskap og aktivt eigarskap i Stryn 29. oktober 2015. Gratis Kurs

Høyr på eigarane av gründer- og familieverksemder og spesialistane Anne Kari Salbu, Agnar Lyng, Gunnar Bøyum, Terje Bjerkan og Rune Henjesand. På møtet vil dei fortelje om sine erfaringar som aktive eigarar, gründer, eigar og investor knytt til oppstart, utvikling, samt kjøp og sal av bedrifter. Nokre av problemstillingane som blir presentert på møtet er:

• Kva utfordringar møter gründer når selskapet skal vekse og kapitalbehovet aukar?
• Korleis legge grunnlaget for vekst og fornying ved sal eller kjøp av bedrift?
• Korleis planlegge sal og eksponere seg slik at ein finn «rette kjøparen»?
• Kva legg kjøpar vekt på? Korleis legge grunnlag for vekst og utviding av verksemda gjennom samarbeid med andre investorar og eigarar?
• Kva utfordringar må handterast når ein skal gjennomføre gode generasjons- og eigarskifte til rett tid?
• Kva er verksamda verdt, korleis finne «rett» verdi og planlegge for ein vellukka exit?
• Kva kan eigarskifte bety for drifta av selskapet og kva plass har det i eigaren og investorane sine forvaltningar av verdiar?
• Kva risiko vurderingar har ulike eigarar og investorar?

Foredragshaldarar

Anne Kari Johannessen Salbu eigar AS Sylvsmidja Sylvvareverkstad sammen med bror sin, Leif Johannessen og kusina si Susan Pottinger Frette. De er tredje generasjons eigarar. Ho vil dele si erfaring og kunnskap om eigarskifte og eigarskap frå ei meir enn 70 årig historie. Verksemda har produsert bunadsølv sidan 1940 og er i dag Noregs leiade med meir enn 60 medarbeidarar.

Agnar Lyng er ein kraftfull næringsutviklar og aktiv eigar som betyr mykje for næringslivet i regionen og langt ut over fylket. Han har saman med broren, Tore Lyng i deira selskap Lyng AS eigarskap og leiarskap i en rekke verksemder. Som aktiv eigar og næringsutviklar dekker Lyng viktige oppgåver for lokal næringsutvikling og sysselsetting.

Gunnar Bøyum er partner/advokat i PWC Førde. Han har hjelpt ei rekke selskap i samband med generasjonsskifte, kjøp og sal av verksemder, bidrege ved mange fusjonar, fisjonar, omorganiseringar og restruktureringar. Han har kompetanse på avtaleutforming, utarbeiding av selskapsdokument, skatte- og avgiftsmessige vurderingar og selskaps- og regnskapsmessige vurderingar osv. ved slike transaksjonar.

Terje Berkan er direktør i PwC (PriceWaterhouseCoopers) Management Consultants. Han har lang erfaring som rådgjevar for familibedriftseigarar ved kjøp, sal og generasjonsskifte.

Rune Henjesand, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane. Han er kundeansvarleg for energi og miljø, ansvar for SkatteFunn-ordninga og kompetanseprogrammet FRAM.

Praktisk informasjon og påmelding
Tid : 29. oktober 2015 kl. 0830 – 12.00. Det blir servert enkel frukost i frå kl 0800
Stad: Kommunestyresalen, Stryn Kulturhus, Tinggata 18, 6783 STRYN
Møte er gratis og ope for alle

Påmelding (klikk for påmelding)

Kontaktperson: Geir Samdal, 91 73 10 89, geir@eierskiftesenter.no
Kjøpe bedrift – se introduksjonsvideo for kurs og gratis guide

Møte er i regi av Eierskiftealliansen Sogn og Fjordane og Hordaland  i samarbeid med Stryn Næringshage.  Eierskiftealliansen har som oppgåve å sette fokus på eigarskap, generasjons- og eigarskifter i regionen.

 

 

Foredragene
151029 Heidi Skorpen
151029 Kristian Skjølaas
151029 Gunnar Bøyum
151029 Terje Bjerkan
151029 Anne Kari Johannesen Salbu

Selge bedrift, last ned gratis guide her
Kjøpe bedrift,last ned gratis guide her