Aril Grønningen, Geir Opseth, Gunnar Bøyum, Stig O Sevaldsen og Rune Henjesand fortel om eigarskap, generasjons- og eigarskifte i Sogndal den 27. oktober 2015. Gratis Kurs

Høyr på leiararane, eigararane og spesialistane på og av gründer- og familieverksemder  Aril Grønningen, Geir Opseth, Gunnar Bøyum, Stig Sevaldsen og Rune Henjesand. På møtet vil dei fortelje om sine erfaringar som gründer, eigar og investor knytt til oppstart, utvikling samt kjøp og sal av bedrifter. Nokre av problemstillingane som blir presentert på møtet er:

• Kva utfordringar møter gründer når selskapet skal veksa og kapitalbehovet aukar?
• Korleis legge grunnlaget for vekst og fornying ved sal eller kjøp av bedrift?
• Korleis planlegge sal og eksponere seg slik at ein finn «rette kjøparen»?
• Kva legg kjøpar vekt på? Korleis legge grunnlag for vekst og utviding av verksemda gjennom samarbeid med andre investorar og eigarar?
• Kva utfordringar må handterast når ein skal gjennomføre gode generasjons- og eigarskifte til rett tid?
• Kva er verksamda verdt, korleis finne «rett» verdi og planlegge for ein vellukka exit?
• Kva kan eigarskifte bety for drifta av selskapet og kva plass har det i eigaren og investorane sine forvaltningar av verdiar?
• Kva risiko vurderingar har ulike eigarar og investorar?

Foredragshaldarar

Far til Aril Grønningen, Hans Grønningen kom til Vik i 1972 for å driva Viking Husflid. Då denne gjekk konkurs i 1975 kjøpte han og sonen Aril Grønningen konkursbuet og grunnla Vik Interiør som seinare skifta navn til Linn Bad AS. Linn Bad bærer navnet til 3. generasjon i familien, Linn Grønningen. Ho er i dag marknadssjef. Linn Bad er kjent for nøkter drift og dei satsar på ein internasjonalt konkurransedyktig industrikultur. Dei tilsette vert trekt fram som ein viktig suksessfaktorer. Etter at faren døde strukturerte og organiserte syskena eigarskapen i versamda. I dag eig Aril Grønningen 66% . Grønningen vil drøfte utviklinga i verksemda, eigarerfaringar og eiegarerfaringar og eigarutfordringar med møteleiar, Kristian Skjølaas.

Geir Opseths bestefar starta Førde Sementvarefabrikk AS i 1930. Dette er dermed ei av dei eldste bedriftene i Førde og framleis svært operativ. Gjennom 80- og 90-talet kom 3dje generasjon inn på eigarsida. Det betydde fleire eigarar og behov for ein gjennomgang og reduksjon av eigarstrukturen. Opseth vil fortelje om korleis denne prosessen vart gjennomført. Han vil i tillegg gå gjennom prosessen med kjøp, opprydding, utvikling og sal av eit treningssenter i Førde i perioden 2007-2012.

Gunnar Bøyum er partner/advokat i PWC Førde. Han har hjelpt ei rekke selskap i samband med generasjonsskifte, kjøp og sal av verksemder, bidrege ved mange fusjonar, fisjonar, omorganiseringar og restruktureringar. Han har kompetanse på avtaleutforming, utarbeiding av selskapsdokument, skatte- og avgiftsmessige vurderingar og selskaps- og regnskapsmessige vurderingar osv. ved slike transaksjonar.

Stig O. Sevaldsen er Head of Corporate Finance hos Norne Securities. Han har særskilt kompetanse innan verdsetting av bedrifter, emisjonar, inklusiv planlegging og gjennomføring av kjøp og sal av bedrifter. Sevaldsen var tidlegare partnar i Idevekst Energi, Artesia Capital og har vore 10 år i USA der han har bygd opp og drive fleire bedrifter.

Rune Henjesand, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane. Han er kundeansvarleg for energi og miljø, ansvar for SkatteFunn-ordninga og kompetanseprogrammet FRAM.

Praktisk informasjon og påmelding
Tid : 27. oktober 2015 kl. 0830 – 12.00. Det blir servert enkel frukost i frå kl 0800
Stad: Stadionbygget rom 02-04.Fosshaugane Campus, Trolladalen 30, 6856 Sogndal
Møte er gratis og open for alle

Påmelding (klikk for påmelding)

Kontaktperson: Geir Samdal, 91 73 10 89, geir(at)eierskiftesenter.no
Kjøpe bedrift – se introduksjonsvideo for kurs og gratis guide

Møte er i regi av Eierskiftealliansen Sogn og Fjordane og Hordaland  i samarbeid med Sogn Næring.  Eierskiftealliansen har som oppgåve å sette fokus på eigarskap, generasjons- og eigarskifter i regionen.

 

 

Foredragene
151004 Heidi Skorpen
151004 Kristian Skjølaas
151027 Gunnar Bøyum
151026 Stig Sevaldsen

Selge bedrift, last ned gratis guide her
Kjøpe bedrift,last ned gratis guide her