Geir Opseth, Jan Henrik Nygård, Johnny Haugsbakk, Stig O Sevaldsen og Rune Henjesand fortel om eigarskap, generasjons- og eigarskifte i Førde den 5. mars 2015 – gratis kurs

Høyr på eigarane av gründer- og familieverksemder Geir Opseth, Jan Henrik Nygård og Johnny Haugsbakk. På møtet vil dei fortelje om sine erfaringar som gründer, eigar og investor knytt til oppstart, utvikling samt kjøp og sal av bedrifter. Nokre av problemstillingane som blir presentert på møtet er:

• Kva utfordringar møter gründer når selskapet skal vekse og kapitalbehovet aukar?
• Korleis legge grunnlaget for vekst og fornying ved sal eller kjøp av bedrift?
• Korleis planlegge sal og eksponere seg slik at ein finn «rette kjøparen»?
• Kva legg kjøpar vekt på? Korleis legge grunnlag for vekst og utviding av verksemda gjennom samarbeid med andre investorar og eigarar?
• Kva utfordringar må handterast når ein skal gå gjennom gode generasjons- og eigarskifte i tide.
• Kva er bedrifta verdt, korleis finne «rett» verdi og planlegge for ein vellukka exit?
• Kva kan eigarskifte bety for drifta av selskapet og kva plass har det i eigaren og investorane sine forvaltning av verdiar?
• Kva risiko vurderingar har ulike eigarar og investorar?

Innleiarar

Geir Opseth Jan Henrik Nygård Johnny Haugsbakk Stig O. Sevaldsen Rune Henjesand
Geir Opseth Jan Henrik
Nygård
 Johnny
Haugsbakk
Stig O. Sevaldsen Rune Henjesand

Om innleiarane

Geir Opseths bestefar starta Førde Sementvarefabrikk AS i 1930. Dette er dermed ei av dei eldste bedriftene i Førde og framleis svært operativ. Gjennom 80- og 90-talet kom 3dje generasjon inn på eigarsida. Det betydde fleire eigarar og behov for ein gjennomgang og reduksjon av eigarstrukturen. Opseth vil fortelje om korleis denne prosessen vart gjennomført. Han vil i tillegg gå gjennom prosessen med kjøp, opprydding, utvikling og sal av eit treningssenter i Førde i perioden 2007-2012.

Jan Henrik Nygård er andre generasjons eigar av Norblikk AS. Bedrifta vart starta i 1960 av far hans, Henrik Nygård. Generasjonsskifte vart ikkje planlagt då faren døydde uventa i 1990. Eigarskapet vart overteke av Jan Henrik og søstera Heidi. Dei vart begge aktive eigarar og er det framleis i dag med omtrent like eigardelar. Drifta er god og sysselset ca. 9 personar. Dei har også eit eigedomsselskap som inkluderar eit hybelbygg med 18 einingar og utleige til andre selskap. Det er til saman 6 barn og søskenbarn i familien. Nygård vil drøfte utfordringane ved utviklinga og framtida for familieselskapet. Nygård er aktiv i lokalsamfunnet og er mellom anna varaordførar i Flora Kommune.

Johnny Haugsbakk var ein av eigarane i Elis. Selskapet heiter i dag Enoro og vart i 2010 solgt til fondet Herkules. Johnny er i dag styreleiar i selskapet og har framleis ein eigardel. Johnny vil fortelje om gründerskapet på 90- tallet og dele sine erfaringar frå prosessen som endte opp i sal til Herkules. Han vil og fortelje om livet etter at salget vart gjennomført.

Stig O. Sevaldsen er Head of Corporate Finance hos Norne Securities. Han har særskilt kompetanse innan verdsetting av bedrifter, emisjonar, inklusiv planlegging og gjennomføring av kjøp og sal av bedrifter. Sevaldsen var tidlegare partnar i Idevekst Energi, Artesia Capital og har vore 10 år i USA der han har byggt opp og dreve fleire bedrifter.

Rune Henjesand, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane. Han er kundeansvarleg for energi og miljø, ansvar for SkatteFunn-ordningen og kompetanseprogrammet FRAM.

Praktisk informasjon og påmelding

Tid : torsdag 5. mars kl 08.30 – 1200. Det blir servert enkel frukost i frå kl 0800
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa,  Storehagen 2, 6800 Førde
Møtet er gratis og åpent for alle

Påmelding (klikk for påmelding)

Kontaktperson: Geir Samdal, 91 73 10 89, geir(at)eierskiftesenter.no
Kjøpe bedrift – se introduksjonsvideo for kurs og gratis guide

Møtet er i regi av Eierskiftealliansen Sogn og Fjordane og Hordaland i samarbeid med Førde Industri- og Næringssamskipnad og Sunnfjord Næringsråd. Eierskiftealliansen har som oppgåve å sette fokus på  grûnderskap, generasjons-  og eigarskifte i regionen.

NHO hordaland_logo   mef_logo_100_100 Bergen Næringsråd_logo
 nordea_logo_blue_logo (1)  Sparebank1SR_logo  SparebankenVest_logo
 innovasjonNorge_100_100  NHO Sogn og Fjordane  Fins - logo  sunnfjord Næringsråd - logo

 Foredragene
150219 Heid Skorpens åpningen
150304 Kristian Skjølaas
150304 Jan Henrik Nygaard
150304 Stig Sevaldsen
150303 Rune Henjesand